Makta i Tyskland kan bli grøn

0 kommentarer
 
 

Sundag 24. september er det Forbundsdagsval i Tyskland. Utfallet kan verke føreseieleg, men alt kjem an på kven dei små partia bestemmer seg for å samarbeide med.

Mai Lene Fløysvik Hæåk, utvekslingsstudent i Konstanz, Foto Olga Marie Brathaug.jpg

Mai Lene Fløysvik Hæåk, utvekslingsstudent i Konstanz. Foto: Olga Marie Brathaug

”Die Schöpfung bewahren” (”Bevare skaperverket”) står det på ein av valplakatane me kan sjå i Konstanz om dagen. Mange vil kanskje gjette at det er det tyske systerpartiet til KrF og Høgre, CDU (Christlich Demokratische Union), som bruker dette slagordet, men det er faktisk Martin Schmeding, kandidat for partiet Bündnis 90/Die Grünen i Konstanz som figurerer på plakatane.

For eit par veker sidan snakka eg med ein lokal student i Konstanz som hadde stemt på Bündnis90/Die Grünen. Ho var oppgitt over slagordet til Martin Schmeding. ”Eg forstår han prøver å nå kristne veljarar, men det blir berre feil”, sa ho. Under valkampen i Norge i år fekk me oppleve ein kamp om kristne veljarar og politikarar som brukte kristne verdiar i valkampen. Mange norske vil nok kjenne seg igjen i frustrasjonen til studenten eg snakka med.

Politikken veljarane stemmer på når dei stemmer Bündnis 90/Die Grünen deira er ikkje ulik politikken til systerpartiet i Norge, Miljøpartiet De Grønne. Kamp mot klimaendringar, slutt på sal av forureinande bilar innan 2030 og eit grønt landbruk er tre av dei viktigaste sakene. I tillegg har saker som sosial rettferd, internasjonal solidaritet og ein human flyktningpolitikk vore i valkampen til partiet.

Baden-Württemberg, delstaten kor Martin Schmeding stiller til val for partiet i Konstanz, vart i 2011 den første delstaten i Tyskland med ein ministerpresident frå Bündnis 90/Die Grünen. Partiet regjerer her saman med CDU. Det har dei aldri gjort på nasjonalt nivå, men etter valet på sundag kan det endre seg. Med slagordet ”Umwelt ist nicht alles. Aber ohne Umwelt ist alles nichts” er målet til partiet å bli det tredje største partiet i Forbundsdagen.

Slik meiningsmålingane er no, ser både FDP (Freie Demokraten) og AfD (Alternativ für Deutschland) ut til å bli større, men det betyr ikkje at Bündnis 90/Die Grünen ikkje får makt. Det er lite sannsynleg at SDP (Sozialdemokratische Partei Deutschlands) vil gå inn i ein storkoalisjon med CDU i fire nye år. Dermed opnar døra seg for at Die Grünen, akkurat som i Baden-Württemberg, går inn i ein regjeringskoalisjon med CDU. Ein slik koalisjon vil likevel føre til at Bündnis 90/Die Grünen må svelge ein god del kamelar. For å få fleirtal må òg FDP vere med i regjeringa, og det er eit parti Bündnis 90/Die Grünen har brukt store delar av valkampen på å kritisere.

Sundag markerer slutten for den tyske valkampen og starten på ein ny politisk periode. Plakaten med ”Die Schöpfung bewaren” vil om ikkje lenge forsvinne frå bybildet i Konstanz, men bodskapen kan få innverknad nasjonalt. Ein ting er sikkert: Dei som stemmer på det grøne partiet i år i Tyskland, vil kunne oppleve spennande år framover. Bündnis 90/Die Grünen kan kome til å bli tunga på vektskåla når ei ny regjering skal setjast inn.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *