Likestillingskampen er fortsatt viktig i Europa

0 kommentarer
 
 

Noreg rangerer som det tredje mest likestilte landet i verda etter Island og Finland, noko som visar at det er ingen sjølvfølge at ein lev i eit likestilt land. Dette har eg blitt veldig merksam på etter å ha budd to år i England, eit land der det er veldig fokus på kva for klasse du høyrer til og om du er mann eller kvinne.

Engelske er kjende for å vere eit veldig høflig folk, spesielt ovanfor kvinner. Når du går på butikken blir ein ofte kalla «love», «darling» eller «sweetie», og menn vil løpa for å opna døra for deg, sjølv om du ikkje har noko å bera på. På den andre sida kan ein oppleva at ein har kollegaer, sjefar eller forelesarar som ikkje tek deg i handa dersom du er kvinne, og at ein blir bedt om å sitte i baksete i bilar fordi mannfolka skal sitte framme å snakka.

Kvinner vil ofte også insistere på å oppretthalde dette ved å for eksempel helse på ein mann som om det skulle vore på midten av 1700 talet med handa på topp klar for å få eit kyss. Sjølv om det er meint med all høflegheit kjenner eg meg igjen i orda til Prinsesse Diana at det kan følast som om ein blir behandla som om ein er lagd av porselen, noko som er heilt feil når det bunar i kva for kjønn ein har.

I tillegg til den eksepsjonelle høflegheita mot kvinner i England må ein belage seg på at klassebevisstheita er sterk. Jeremy Corbyn, leder av det sosialdemokratiske opposisjonspartiet Labour, har ofte lagt vekt på at han definerer seg sjølv som ein del av «arbeidarklassen» når han taler i Parlamentet og ovanfor media. På den andre sida blir Theresa May, leder av regjeringspartiet Conservatives, klaga på for å vere frå «overklassen». Dette er ikkje berre eit fenomen i politikken, men også blant folk flest da det er eit stort fokus på kva for plass ein har i samfunnet.

Det kan nesten høyrast komisk ut at eit rom på college utan bad blir kalla getto, medan eit rom med bad blir kalla «posh», eller på godt norsk «sossete». Kva for samfunnsklasse ein tilhøyrar kan også vere eit reelt diskusjonsemne i ein politisk diskusjon mellom venner og kollegar, eg kan ikkje telje kor mange gonger det har vore eit tema i eit av seminara mine.

Kampen om likestilling er fortsatt viktig i Europa og som norsk er det ofte enkelt å gløyma dette. I Noreg blir England oppfatta som eit moderne land med store mogelegheiter og er Europas svar på «the American Dream», men når du drar der for eit lengre opphald enn den weekend turen til London eller fortballkampen i Manchester for å sjå Slatan spele så vil ein oppdage at England står i sterk kontrast til Noreg.

Likestillinga i England er på eit heilt anna nivå enn i Noreg og er trur Amalie Skram hadde vore nesten litt forbanna.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *