Tysk ”Erinnerungskultur” gjer historia synleg

2 kommentarer
 
 

Det er umogleg å bu i Tyskland og ikkje oppleve at historia framleis speler ei stor rolle for det største landet i EU.

Den beste kaffien i Konstanz så langt drakk eg på Dolce Vita Coffee Shop i Zollernstraße 23. Det var først då me gjekk frå staden at me såg at det utanfor det gule bygget låg ein såkalla ”snublestein”.

Mai Lene Fløysvik Hæåk, utvekslingsstudent i Konstanz, Foto Olga Marie Brathaug.jpg

Mai Lene Fløysvik Hæåk, utvekslingsstudent i Konstanz, Foto Olga Marie Brathaug

På snublesteinen utanfor Dolce Vita Coffee Shop står namnet Benno Bosch. Han vart sendt til eutanasiinstituttet Grafeneck i 1940 på grunn av funksjonshemming. Benno Bosch var berre fire år gammal då han døydde.

Dette er berre ein av mange snublesteinar i Tyskland og Europa. Det er ein liten, men viktig del av gatebiletet i Konstanz. Eg ser dei heilt tilfeldig når eg går forbi kaffibarar, restaurantar og butikkar i byen. Eg stoppar opp og les kva som står, og når eg går vidare veit eg om endå ein person som vart drepen av nazistane.

Det er likevel ikkje berre i bybiletet ein finn ”snublesteinar”. Når ein samtalar med tyskarar eller les om tysk politikk merkar ein såkalla ”snublesteinar” i form av at dei alltid er medvitne historia.

Den medvitne haldninga tyskarane har til historia blir kalla for ”Die Deutsche Vergangenheitsbewältigung”. Først på 60-talet starta dei å snakka skikkeleg om Holocaust og fekk det som no er kalla for ”ein öffentliche Erinnerungskultur” (offentleg minnekultur).

Då eg reiste til Tyskland lurte eg på om eg kom til å finne spor av historia til Tyskland i det daglege. Eg har vore i Berlin før og har sett det store Holocaust-minnesmerket i sentrum av byen, men eg visste ikkje korleis Konstanz kom til å vere prega. Dei var jo trass i alt lite prega av krigen på grunn av nærleiken til Sveits.

Den offentlege minneskulturen gjer at historia i høg grad er tilstades i det dagelege. Då eg møtte opp til språkkurset dagen etter Alternative für Deutschland (AfD) gjorde eit brakval, kunne eg nesten høyre årstalet ”1933” vart kviskra i gangane. Redsla for ytre høgre er stor blant mange tyskarar, og særleg det at AfD ved fleire anledningar har kritisert den offentlege minnekulturen skremmer mange.

Eit anna døme er at alle regjeringar etter den andre verdskrigen har vore fleirtalsregjeringar, og fleire av dei har vore storkoalisjonar. Ei mindretalsregjering er uaktuelt sett i lys av det politiske kaoset som førte til at nazistane fekk makta.

Med andre ord kan me framleis sjå spor av historia, og det er eg glad for. Noko av det mest fascinerande med Tyskland er korleis dei har reist seg etter hundre år med krig, politisk kaos, etnisk og religiøs reinsking, splitting og økonomisk krise. For berre hundre år sidan var dei i ferd med å tape den første verdskrigen og i dag tronar dei på toppen av EU.

Midt oppi all suksessen ber dei likevel med seg historia. Det er som mentale snublesteinar som ein ser glimt av i det daglege, akkurat som snublesteinen om Banno Bosch utanfor kaffibaren i Konstanz.


2 kommentarer

  • Kirsti Methi sier:

    Hei Mai Lene,
    Dette var en skikkelig velskrevet og viktig artikkel om et sentralt trekk ved tysk kultur som vi ikke er alltid er like oppmerksom på.
    Tenk for en kollektiv byrde tyskerne har båret på, men som nå er i ferd med å svekkes med inntoget av AfD.
    Vi har mye å lære av den overlevelsesevnen de har utvist gjennom denne offentlige bevisstheten og det kollektve ansvaret de som nasjon har tatt på grunn av deres forfedres ugjerninger.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *