Cash is still the king i Tyskland

0 kommentarer
 
 

”Darf ich mit Karte zahlen?” spurte eg då eg kjøpte ein Kaffi Mokka til nesten fem euro på restauranten Pano. ”Nei”, forklarte personen bak disken meg. ”Her kan du berre betale med kort når du kjøper noko for 15 euro eller meir.”

Nesten opp mot 150 kroner måtte eg kjøpe mat og drikke for om eg ville betale med kort. Etter å ha budd i Oslo i to år har eg ikkje sjeldan dratt kortet for ein kaffi til nesten femti kroner, og det har aldri vore noko problem. Sjølv ikkje når eg berre skal ha noko til tjue kroner i Norge krev dei kontant betaling. Kontrasten til Tyskland er stor.

Mai Lene Fløysvik Hæåk, utvekslingsstudent i Konstanz, Foto Olga Marie Brathaug.

Allereie frå første dag i Konstanz merka eg kor viktig det var å alltid ha kontantar på seg. Taxi-turen til studenthybelen, betaling for ein Cola på Constanzer Wirthaus og billett på bussen. Dagen etter starta språkkurset på universitetet. ”Ta med 120 euro kontant til betaling av kantinekort, bussbillett og ekskursjonar” stod det i informasjonsheftet. Eg kan ikkje hugse sist gong eg hadde så mykje i kontant i lommeboka.

Ein skulle tru at ein etter kvart vart vane med å ta med seg kontantar overalt. Alltid ha nokre euro på seg. Dessverre er eg like norsk no som då eg kom når det gjelder betaling. Eg gløymer å ta ut, gløymer å ta med meg lommeboka (kortet ligg jo i mobildekselet) og må alltid spørje etter næraste ”Geldautomat”.

Nokre gonger er det heilt greitt. Det er min feil, og eg har gløymt at Tyskland fungerer annleis enn Norge. Andre gonger er det irriterande, som til dømes når du vil ha Kaffi Mokka og finn ut at dei har moglegheit for å betale med kort, men berre om du er villig til å betale 15 euro.

Mange tyskarar ser likevel ut til å ville ha det slik. Ei undersøking gjort av Den tyske sentralbanken viser at fire av fem transaksjonar i Tyskland gjennomført med kontantar, og over 50% av alle pengar som skiftar hand er kontantar. I følge ein studie utført av YouGov i 2015 sa 74% av tyskarane at dei ville vere i mot ei lov som hadde gitt butikkar og firma moglegheit til å nekte å ta i mot kontantar.

Når eg irriterer meg som mest over at eg må betale kontant eller at det ikkje finst ein tysk Vipps-versjon, prøver eg å tenkje: ”Hovudsaka er i alle fall at eg har pengar”. Eg prøver å tenkje det når eg står ved minibanken og må ta ut pengar til kantinekortet og så må gå til automaten på sida av og stikke inn kantinekortet og pengane. Eg prøver å tenkje det når eg må ta ut 40 euro for å betale til ekskursjon i staden for å berre overføre pengane. Eg prøver å tenkje på det kvar gong behovet for kontantar skaper ekstrajobb.

Trass i alt er det ein del av det å bu i Tyskland, og eg reiste til Konstanz for å oppleve Tyskland. Då får eg prøve å venne meg til at cash still is the king her.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *