Storbritannia sitt parlament er misforstått

0 kommentarer
 
 

Politikk i Storbritannia står i sterk kontrast til politikken heime.

Frå utsida ser House of Commons ut som eit humor program der dei står å vaiar med armane, skrik, syng og kranglar. Pressen lev av agurknytt, og på toppen av det heile har Storbritannia House of Lords der rike gamle men får harselere over demokratiet.

Dette er openbart ein overdriving og ikkje korleis politikken faktisk fungerer i eit av verdas mektigaste land, men mange har nok misforstått litt. Når eg flytta til England blei eg overraska av å finne ut at House of Lords ikkje bokstaveleg talt er for aristokratiet, og at det som eg ville anset som agurknytt i pressen er meir relevant i politikken i Storbritannia enn det ville ha vore i Noreg. Den politiske kulturen i Storbritannia er såpass annleis at det er vankeleg å forstå ordentlig frå utsida.

I Storbritannia er parlamentet delt i to med House of Commons og House of Lords. House of Commons er Storbritannia sitt svar på vårt Storting og er der Ministers of Parliament, eller det tilsvarande stortingspolitikarar, er valde inn.

Likt som i Noreg har dei ein tv-sendt spørjetime kvar veke der alle kan få litt innsikt i kva som skjer i House of Commons, og det er der ein kan sjå dette rølpete showet som mange forbinder politikken i Storbritannia med. Mest sannsynleg er det noko som har utvikla seg over tid, men det kan tenkjast at utforminga av House of Commons har vore sentral i utviklinga av denne politiske tradisjonen.

Til forskjell frå Stortinget som er forma som ein halvsirkel, sit politikarane i House of Commons mykje meir delt, noko som framhevar forholdet mellom opposisjonen og regjeringspartiet(a). Som eit resultat verkar politikken gjerne veldig dramatisk og opposisjonell, noko som vidare formar korleis pressen adresserar politiske nyheiter.

House of Lords der i mot er ofte misforstått i seg sjølv og det kan vere vankeleg å forstå kva hensikt House of Lords eigentleg har. House of Lords kan samanliknast med offentlig forvaltning, som er Noregs administrasjon og byråkrati, til ein viss grad da kort fortalt House of Lords sine medlemmar består av ekspertar i ulike fagfelt som gir sin ekspertise når ein sak går gjennom parlamentet.

Per 2. November 2017 er det 799 medlemmer i House of Lords, der av 91 har arva sitt medlemskap og 24 er geistlege, medan 684 er livstidsutvalde[1] som i stor grad består av pensjonerte politikkarar og folk som har utmerka seg i sitt yrke eller karriere.

Desse tala står i strek kontrast til korleis House of Lords såg ut berre femti år sida. Tidlegare var nemleg House of Lords eit politisk organ som hadde til hensikt å representere aristokratiets interesser, og heilt fram til 2009 var ein komité i House of Lords den høgaste domstolen i Storbritannia[2]. Med denne relativt nylege utviklinga av House of Lords til dagens House of Lords er det forståeleg at mange har misforstått korleis dette organet fungerer.

Også i Storbritannia kan det verke som om mange er usikkre på kva House of Lords sin rolle er i parlamentet, noko som har blitt spesielt synleg i den siste tida da debatten om avskaffing av House of Lords har vore i vinden.

Det politiske systemet i Storbritannia ser gjerne ut som eit galehus ved fyrste blikk, men tilfellet er heller at Storbritannia har ein veldig annleis politisk kultur enn oss og har eit parlament som har ein veldig annleis utforming enn vårt Storting, og står dermed i sterk kontrast til det me kjenner til i Noreg.

[1] http://www.parliament.uk/mps-lords-and-offices/lords/composition-of-the-lords/

[2]  http://www.parliament.uk/business/news/2009/07/from-house-of-lords-to-supreme-court/


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *