Grensesprengande fridom

0 kommentarer
 
 

Få har nytt så godt av europeisk samarbeid som studentar. Det er noko eg får oppleve som utvekslingsstudent i Tyskland.

I eit essay i den siste utgåva av The Economist i 2017 vart det hevda at nasjonalisme er ein av dei få ideane som har overlevd lengst i Europa, og no er den på frammarsj igjen. I følge essayet burde dei som lett kryssar grenser og kulturar vere urolege for utviklinga.

Mai Lene Fløysvik Hæåk, utvekslingsstudent i Konstanz, Foto Olga Marie Brathaug.jpg

Akkurat no sit eg og skriv i Konstanz i Tyskland. Eg er så nærme den sveitsiske grensa at mobilen av og til trur eg er i Sveits. 24. januar 2018 arrangerte språkinstituttet på universitetet ekskursjon for studentar til Strasbourg i Frankrike. Me fekk køyre over grensa utan å bli stoppa eller passa sjekka. Alt på grunn av europeisk samarbeid.

Det er få som har gagna så mykje frå europeisk samarbeid som studentar, ikkje fordi me kan reise fritt mellom Tyskland og Frankrike utan å hamne i passkontroll, men fordi me nyt godt av internasjonale avtalar som til dømes Erasmus-avtalen. Utan den hadde det vore langt vanskelegare å studere utanfor landegrensene.

Nasjonalismen me har sett blomstre i Europa dei seinare åra er skremmande med tanke på internasjonal utveksling. I Tyskland er Alternativ für Deutschland det tredje største partiet, og i fleire andre land har liknande parti fått framgang. Dette er parti som meiner at mangfald er feilslått og som synest at alle land bør vere seg sjølv nok, for å låne eit uttrykk frå Peer Gynt.

Det er eit paradoks at i ei stadig meir globalisert verd kor det er aukande interaksjon mellom aktørar i ulike land og eit stort behov for arbeidskraft med internasjonal kompetanse, finst det krefter som vil føre landa i motsett veg. Utvekslingsstudentar lever midt oppi dette: Kompetansen i språk, kultur og kommunikasjon me får av å bu i utlandet er viktig å ha med seg seinare i arbeidslivet. Me får stipend som følge av internasjonale avtalar.

Samstundes får me merke verknaden nasjonalismen har. Det var spesielt å vere i Tyskland i dagane etter AfD vart det tredje største partiet. Det var spesielt å køyre med buss til Sveits for første gong og oppleve ein grensekontroll som sjekka passa til dei med mørk hud litt ekstra godt.

Sanninga er jo at sjølv om mange av dei nasjonalistiske partia i Europa i dag vil gravlegge store delar av det europeiske samarbeidet, som igjen kan føre til at avtalar som gagnar studentar blir sett til sides, så er lyshuda studentar meir «innafor» enn andre. Det er lett å paike på parti som AfD og seie: «Sjå kor fæle dei er», men å gløyme at av og til er det heile Europa som er seg sjølv nok.

Viss ein er student frå Europa med riktige pass kan ein reise nesten kor ein vil. Viss ein kjem utafrå til Europa, til dømes med båt over Middelhavet, er situasjonen ein annan. Som studentar opplever me grensesprengande fridom og at europeisk samarbeid gagnar oss. Dessverre er situasjonen ein annan for flyktningane som kjem hit. Dei opplever eit samarbeid som tek meir sikte på å «sleppe unna» enn å dele dei fridommane me andre har nytt godt av i mange år.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *