Prinsesse i England

0 kommentarer
 
 

Nokon gongar gløymer eg at eg er langt heimanfrå, og at eg er i eit anna land. Det verkar så rart, at medan alle heime som eg er glad i gjer ting saman, sit eg i eit lite slott i ein småby i England.

Sjølv om eg saknar heimen min i Noreg, følast alt så naturleg her. Samtidig får eg heimlengsel innimellom likevel.

Slottet eg bur i er frå 1800-talet, men er stort sett berre majestetisk på framsida av huset. I slottet er vi tre prinsesser og to prinsar. Dei fleste ser på huset med store auge fyste gongen, og heilt ærleg var det nok derfor vi valde det også. Det er mogleg å kome seg på taket av slottet og utsikta er veldig fin sidan vi bur på toppen av bygda. Difor blei songen ‘Castle on the hill’ av Ed Sheeran fort ein del av kvardagen vår i slottet.

I Cornwall der vi bur, eller i Cornwall generelt, er lufta veldig fuktig. Når det då blir kaldt i tillegg, blir veggane våra fort misfornøgde. Sidan det ikkje finst tenarar i slottet vårt, må vi alle vaske vekk muggen som kjem på både tak og veggar i dei kaldaste vinter månadane. I tillegg er slottet vårt langt ifrå perfekt og ein kald bris kjem ofte krypande inn frå alle moglege krikar og krokar. Då er det lett å ønske at ein er heime i norsk standard.

Eg har budd i kollektiv i snart fire heile år, og det krev mykje tolmodigheit. Ein kan vere veldig uheldig med kven ein bur saman med, men dei siste to åra har eg vald huskameratane mine sjølv. Då eg fyst kom til England budde eg saman med sju andre i kollektiv på skulen, men tre av dei såg vi lite til. Resten av oss blei gode venar og eg bur saman med nokon av dei endå. Likevel, eg kjenner at eg er klar til å bu for meg sjølv, eller saman med berre ei venninne, snart. Det er travelt å kjempe om vaskemaskin, plass i kjøleskapet og varmevatn. Kven som skal ta ut søpla er også eit vanleg problem, og ikkje alle er like flinke å vaske etter seg. På ei anna side er eg glad at eg alltid har nokon å snakke med, så eg er sjeldan einsam.

Vi har eit ganske internasjonalt kongedømme i slottet, då vi er to nordmenn, ein amerikanar, ein brite og ein franskmann. Sjølv om det vanlegvis går mest i Engelsk i heimen vår, kan eit vorspiel ein laurdagskveld minne om eit lite FN-møte då vi ofte har besøk av folk frå Russland, Litauen, Estland og Sør-Afrika. Eg kan med det konkludere at det knapt er eit kjedeleg augeblikk i slottet vårt.

Eg er takksam for at det er mogleg for meg å bu og studere i utlandet, sjølv om det er dyrare enn å bu heime er opplevinga eit reint eventyr. Det er heimlengselen verdt. Dessutan, når eg blir gammal vil eg kunne fortelje om tida då eg var prinsesse i England.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *