Populære populistar

1 kommentar
 
 

I slutten av februar kom nyheita om at Alternativ für Deutschland no har nest størst oppslutning på tyske målingar. Populistar er framleis populære i Europa.

2017 var året me frykta at populistane skulle kome til makta. Geert Wilders i Nederland og Marine Le Pen i Frankrike var kanskje dei me var mest redde for etter eit 2016 kor Donald Trump og Brexit prega nyheitsbiletet.  I slutten av året kunne me likevel puste letta ut etter at 2017 vart litt betre enn førespegla.

Som student i Konstanz merkar eg knapt at det tredje største partiet i den tyske forbundsdagen er eit parti som grunnleggande sett er nasjonalistisk og innvandringsfiendtleg og som fleire goner har uttalt seg kritisk om det som på tysk heiter «Erinnerungskultur». Likevel er det ein del av røynda me lever i, at det som no ser ut til å bli det største opposisjonspartiet i Tyskland er eit nasjonalpopulistisk høgreparti.

Eg spør meg ofte kva som gjer at nokre stemmer på desse partia. Det har blitt forska mykje på det, og ein god del veit me allereie. Til dømes er det ein tendens til at arbeidarar med lågare inntekt og lågare utdanning enn gjennomsnittet har gått frå å stemme sosialdemokratisk eller sosialistisk til å stemme på nasjonalpopulistiske parti. Dei stoler ikkje lengre på at venstresida har dei beste svara i ei tid med globalisme og høg innvandring.

Sundag 4. mars var det val i Italia, og akkurat denne dagen var eg i Roma sjølv. Eg merka så og seie ikkje at det var val. I Tyskland i september var det partireklame på nesten kvar einaste lyktestolpe. I Italia var det heilt annleis. For alt eg visste kunne sundag 4. mars 2018 vore ein heilt vanleg dag.

I Roma stemte flest på Femstjernersrørsla, noko dei hadde til felles med store delar av landet. Dette partiet har blant anna av Anders Ravik Jupskås, nestleiar ved Senter for ekstremismeforskning, blitt karakterisert som sentrumspopulistisk. Lengre nord i landet gjekk Lega av med sigaren. Sjølv om Lega er eit høgreparti på linje med Front National i Frankrike har dei noko til felles med Femstjernersrørsla: Ein protest mot det etablerte. Begge parti vil endre politikken slik den er i dag, men på litt ulike måtar.

På veg tilbake til AirBnB-bustaden på sundag såg eg eit eldre par på metroen. Sixpencen hans matcha håret hennar. Kommunikasjonen dei i mellom viste tydeleg at dei var eit ektepar eller kjærastar. Eg tok meg i å tenkje: «Kva har dei stemt på?» Eg kjenner eg blir nysgjerrig. Er dette folk som synest situasjonen i dag er bra slik den er, eller vil dei som dei fleste andre ha noko nytt?

Eg spurte dei aldri om det, men undringa ligg der framleis. For noko må det jo vere som gjer at menneske over heile Europa går og stemmer på populistiske parti, parti som protesterer. Kanskje er det ein tanke bak om at kvardagen blir betre viss det kjem ei politisk endring.

Uansett kva svaret måtte vere må me truleg halde pusten i mange år framover. Det politiske landskapet endrar seg i fleire land og gjer framtida uføreseieleg. Det me kan konkludere med så langt er at populistar framleis er populære.


1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *