Merkelappar som bygger opp under motsetningar

0 kommentarer
 
 

 «Somewheres» og «anywheres» er to enkle og karikerande merkelappar Aftenposten har omtalt dei siste vekene. Kan framveksten av populisme i europeiske land forklarast ut frå desse to orda?

Mai Lene Fløysvik Hæåk er utvekslingsstudent i den tyske byen Konstanz. Foto: Olga Marie Brathaug

The Road to Somewhere heiter boka til David Goodhart som vart utgjeven for omtrent eitt år sidan. Han prøver å forklare Brexit, Trump og populisme generelt ved å dele befolkninga opp i ein liberal elite som kan kjenne seg heime kor som helst (anywheres) og ein illiberal, innvandringskritisk majoritet med sterk tilknytting til heimstaden sin (somwheres).

Merkelappane har dei siste vekene fått merksemd i Aftenposten. I følge Sara Sørheim kan skiljet mellom «anywheres» og «somewheres» hjelpe oss å forstå Sylvi Listhaug som fenomen. Fleire kjendisar har blitt intervjua og spurt om dei vil definere seg sjølv som ein «somewhere» ellere «anywhere». Grunntanken er at identitet og verdiar er dei nye skiljelinjene i politikken.

I slutten av 2016 skreiv eg på spøk på Facebook at det store spørsmålet eg sat igjen med etter året var om eg var ein del av «eliten» eller ein del av «folket». Fokuset på boka til David Goodhart og merkelappane dei siste vekene gjer at spørsmålet får ei ny form: «Er eg ein anywhere eller er eg ein somewhere?»

Eg har ikkje gjort noko forsøk på å svare på spørsmålet. Skiljet mellom «somewheres» og «anywheres» er banalt og kan i beste fall berre bidra til ein debatt med feil utgangspunkt.

I september 2017 fekk Tyskland kjenne på korleis det er når populismen ikkje berre bankar på døra, men slår ho inn og for alvor seier i frå om at det finst eit ytre høgre i den tyske politikken. Det har vore mange forklaringar på kvifor det skjedde. Mange peikar på arva frå Aust-Tyskland og «ostalgie». Dei tidlegare aust-tyske innbyggarane som føler seg framande i det nye Tyskland og lengtar tilbake til DDR er kanskje typiske «somewheres» slik Goodhart skildrar dei.

Det er ikkje noko nytt at politikk blir framstilt som ein kamp mellom to grupper, men det varierer kven det er ein kamp mellom. Nokre gonger er det by mot land og andre gonger blir det framstilt som klassekamp. Dei siste åra er det populistiske parti på høgresida som har snakka om politikk som ein kamp mellom vanlege folk og den politiske eliten. Omgrep som «somewheres» and «anywheres» bidreg berre til å bygge opp om denne retorikken.

Sanninga er at mange europeiske land har eit fleirpartisystem som bidreg til mange og overlappande skiljelinjer. I Tyskland til dømes er skiljelinja mellom dei som tidlegare budde i Vest-Tyskland og dei som budde i Aust-Tyskland opplagt, men ein kan òg sjå eit skilje mellom nord og sør på til dømes religion. I eit land som etter krigen har fokusert på stabilitet og konsensus blir ei opphaussing av banale motsetnadar langt frå treffsikkert.

Politiske skiljelinjer eksisterer, men å seie at ei skiljelinje er viktig og altoverskyggande og dele opp befolkninga i to grupper ut frå dette, er lite presist. Sjølv i ei tid kor populismen står sterkt mange stader i Europa finst det eit politisk mangfald som me må anerkjenne og snakke like mykje om som me snakkar om to sterke motsetningar.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *