Språk er viktig for å forstå

0 kommentarer
 
 

Å lære seg språk kan vere tidkrevjande og frustrerande, men på lang sikt vil  det alltid vere fordelar ved å kunne kommunisere på fleire enn eitt språk.

Mai Lene Fløysvik Hæåk, utvekslingsstudent i Konstanz, Foto Olga Marie Brathaug.jpg

Eg har budd i Tyskland i over ni månadar, og framleis blir eg retta på når eg gløymer samsvar mellom verbal og subjekt. Det er frustrerande at eg framleis, etter fem år med tysk på ungdomsskule og vidaregåande, tre år med øving på Duolingo, gjer feil på linje med «she have». Ikkje minst er det flaut, og i tillegg veldig tidkrevjande.

Framleis kan eg sitje fleire timar med ein tekst for å gå gjennom setning for setning og passe på at orda står på riktig plass, at adjektivbøyinga er rett og at eg vel rett artikkel ut frå kasus og kjønn.

Likevel er det til slutt verdt det. Det er ei god kjensle å få tilbake tekstar ein har jobba lenge med og som er sånn nokonlunde korrekt skrivne. Då kan ein tenkje at å lære språk er verdt alle timane og all jobbinga ein legg ned.

«Die Grenzen meiner Sprache bedeutet die Grenzen meiner Welt», sa den filosofen Ludwig Wittenstein.  Omsett til norsk betyr dette at grensene for kor stor verda mi er blir avgjort av grensene for språket mitt. Det er utan tvil ein fordel å kunne fleire språk enn norsk og engelsk. Ein kjem seg sjølvsagt langt med engelsk, men ei djupare forståing for eit land og ein kultur får ein først når ein kan språket.

Så kvifor lære seg tysk viss ein først skal kunne eit tredje språk? Er ikkje spansk og fransk betre sidan desse språka blir snakka av langt fleire enn tysk? Svaret mitt er at for det første kjem det mykje an på smak og behag og kva språk ein har lyst til å lære og kva land ein er interessert i.

For det andre kan tysk bli langt meir relevant framover når Storbritannia går ut av EU og Tyskland får ein endå sterkare posisjon i Europa. For det tredje fangar det tyske språket opp viktige delar av historia, og eit lite enkelt ord som «Erinnerungskultur» kan fortelje om kontrastane mellom Tyskland og Austerrike når det gjeld å ta eit oppgjer med eiga historie. «Wirtschaftswunder» og «Gastarbeiter» blir brukte om den økonomiske boomen i Tyskland etter den andre verdskrigen, og berre orda fortel ei lita historie i seg sjølv.

Eg var heldig då universitetet eg valte å reise på utveksling til viste seg å tilby tyskkurs for utvekslingsstudentar på alle nivå. Ikkje berre gramatikkurs eller lyd og tale-kurs, men kurs som gir ei grundig innføring i alt frå film til litteratur til politikk. Kultur, historie, samtid og språk blir knytt tett saman. Og om tyskkkursa ikkje er nok kan ein òg velje å lære andre språk.

Dette er eit eksempel til etterfølging for norske universitet. Språk er nøkkelen til god kommunikasjon. Engelsk held ei lang stund, men vil ein gå den ekstra mila er eit andre framandspråk gull verdt. Som ein professor sa til oss i ein av timane sine: «Vil du snakka med tyskarane held engelsk. Vil du forstå dei må du lære tysk.»


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *