Sveitsiske besteforeldre for klimaet

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) behandla ei historisk sak på storkammerhøyring, som kan få konsekvensar også for Noreg.

iEuropa i Strasbourg: 

Klokka er kvart over åtte om morgonen, ein onsdag i slutten av mars. Utanfor EMD i Strasbourg står ei samling menneske med store banner. På lang avstand kan det vere kven som helst – Frankrike er jo protestanes land, noko som har vore særleg tydeleg dei siste månadene med dei vekentlege demonstrasjonane mot president Macrons omstridde pensjonsreform. Kjem du nærmare, ser du rett nok at dette er ei betydeleg meir fredeleg gruppe demonstrantar enn dei du kan støyte på i sentrum av byen. Her har besteforeldre og pensjonistar for klimaet troppa opp med banner, frukt og blomar for å vise si støtte til Klimaseniorinnen Schweiz.

Klimaseniorinnen er ein organisasjon stifta av ei gruppe eldre kvinner i Sveits i 2016. Gjennomsnittsalderen for medlemmane er akseptable 73 år. Desse kvinnene kjempar for å bevare livsgrunnlaget til seg sjølve, sine barnebarn og alle framtidige generasjonar – veldig samanliknbart med Besteforeldrenes klimaaksjon i Noreg. Støtta av Greenpeace Sveits har dei klaga Sveits inn til EMD, der saka altså var oppe til storkammerhøyring 29. mars. Klagarane er på éi side organisasjonen, og på ei anna side fire kvinner i alderen 80-90 år som har fått forverra helseproblem som ein konsekvens av hetebølgjene Sveits har opplevd dei siste åra.

Sjølv om dei absolutt ser at andre samfunnsgrupper – mellom anna eldre menn, små barn og personar med sjukdomar – også får helseproblem grunna hetebølgjer, peiker Klimaseniorinnen på at eldre kvinner er ei spesielt sårbar gruppe. Dette er delvis eit taktisk val, sidan ein potensiell seier i EMD forhåpentlegvis føre til positive utfall for mange fleire enn berre eldre kvinner. Dei har gått til sak mot Sveits fordi dei meiner myndigheitene ikkje gjer nok for å gjennomføre tiltaka dei har forplikta seg til gjennom Parisavtala frå 2015. Ved å ikkje gjennomføre tilstrekkelege tiltak for å avgrense klimaendringane, meiner kvinnene at dei sveitsiske myndigheitene ikkje i god nok grad vernar om Menneskerettskonvensjonens (EMK) artikkel 2 og 8, som omhandlar høvesvis retten til liv og respekt for privat- og familieliv (inkludert kvinnene sin heim).

Den europeiske menneskerettighetsdomstolen i Strasbourg (EMD)

Foto: Ane Holen Lorentzen

Det går nok lang tid før vi får ein konklusjon frå EMD i denne saka. Ho skal behandlast i samanheng med to andre saker: Carême mot Frankrike og Duarte Agostinho m.fl. mot Portugal og 32 andre statar, mellom dei Noreg. Fyrstnemnde, som omhandlar ordføraren i ei fransk kommune som meiner Frankrikes manglande utsleppskutt bidreg til hetebølgjer og havstigning i ein kystby i Normandie, vart behandla same dag. I den andre saka har seks portugisiske ungdommar klaga inn 33 europeiske land for å ikkje iverksette tiltak for å avgrense klimaendringane, som særleg rammar unge folk fordi dei kjem til å oppleve dei verste konsekvensane av dette. Tidspunktet for denne sakas storkammerhøyring er foreløpig uklart. Uansett kva konklusjon dommarane kjem til, vil det få konsekvensar for tilsvarande saker, til dømes det norske klimasøksmålet der Greenpeace, Natur og Ungdom og seks aktivistar (etter å ha tapt i Høgsterett) klaga inn Noreg til EMD. Det vil også få vidare konsekvensar – nemleg kva menneskerettsleg vern innbyggjarane som er omfatta av EMK har med omsyn til dei aukande nåverande og framtidige klimaendringane.

Attende utanfor EMD sine lokal i Strasbourg står altså ei gruppe demonstrantar som hovudsakeleg består av personar i pensjonsalder. Også organisasjonens motpart frå Luxembourg har teke turen frå nabolandet for å vise si støtte. Éi gruppe er rett nok mindre representert – dei unge. Men som sagt er dei jo ute og protestesterar mot pensjonsreforma. Kanskje sparer dei på klimakreftene til aktivistane frå Portugal skal få si sak behandla.

 

 Foto: Ane Holen Lorentzen

Ane Holen Lorentzen

-

Ane bor i Strasbourg, Frankrike og har tidligere vært på utveksling i Grenoble.

Hun har skriveerfaring fra studentmagasinet Zoon Politikon og tidsskriftet Trass ved Universitetet i Oslo.

Hun skriver mest om samfunnsliv, kultur og klima.

Forrige
Forrige

Portugals alternative ruspolitikk

Neste
Neste

Vi må snakke mer om EØS-midlene